wordpress stats

Ikkje sei det

skrevet av Jakob Arvola den 28. april 2009

Dei kan sjå på kvarandre og snakke om kvardagslege, praktiske ting, slik det sømer seg no når åra har gått. Dei kan ikkje leve i fortida, det har dei begge vore samd om. Den som aldri greier sleppe, kjem seg aldri vidare. Dette snakka dei om for ei god stund sida. Det tok tid før dei aksepterte sanninga: det blei aldri dei to. Dei lange nettene og dei blå morgontimane ville aldri meir kome att. Trass i det trur han at ho innst inne, der dei hemmelege tankane hennar får næring, motvillig vil nikke eins når han lyfter det fram i dagen: Det var ein gong dei vurderte å snu.

Han har ikkje meir adgang til dei avlåste tankeromma hennar, der har dei har begge to skifta lås for lengst, difor vil han aldri få eit ja eller nei, det veit han. Men tanken er både besnærande og opphissande. Hugser ho berøringa i bilen? Bruddet mellom dei var eit tilbakelagd kapittel, åra hadde gått. Han skulle køyre ho til flyplassen, ho satt i passasjersetet med gulblomstra sommerskjørt og svart topp. Herregud, desse skuldrene: dei var mørkebrune etter sommervéret, han syntest ho var ubeskriveleg attråverdig, og det var ingen kan kunne fortelje det til.

"Lite hjerte gravert i is", Jakob Arvola 2006

Då han skifta frå fjerdegir til femte, hadde ho beina litt for langt frå kvarandre, den høgre håndbaken hans streifa det venstre låret hennar. Det kjendes langt inn i den djupaste lengselen i han. Ingen av dei sa noko, det mørke håret hennar blafra muntert rundt i kupeen fordi vindauget var ope på hennar side. Han kjende lukta av henne, dei snakka sjølsagt daglegdagsprat, er du gal, ikkje noko anna, sjølsagt, det er upassande. Berre korte og vennskapelege ord om vér og vind, medan tankane hans var mot lukta av henne. Ho hadde framleis den same parfymen.

Tenkte ho det same der i bilen, medan han fort trakk handa til seg frå girspaken? Kva kunne hende om han stansa bilen, strauk dei nakne skuldrene hennar og sagt det som det var? At det gjekk eit nytt fly dagen etter? Ville ho lent seg bakover i setet, latt han kysse dei smale leppene hennar? Ville ho løsna skjørtet sitt? Ver så snill, kjære, ikkje svar ja, tenkte han. Då har alt dette savnet vore bortkasta tid. Helvete, heller. Ikkje sei det.

{ 4 kommentarer… Les eller gå til kommentarskjemaet og skriv }

Alt godt 28. april 2009 klokken 20:11

Fint.

Tin 28. april 2009 klokken 20:12

Eg la spesielt merke til at du skreiv på nynorsk. Eller kva seie du, Alt godt? Det er slik det lyt vera? ;-) Det skapte ein slags avstand til det du skreiv om, samstundes som det virka nokså nært.

Fin tekst.

Alt godt 28. april 2009 klokken 20:22

God nynorsk. ;-)

ca.strømsnes 29. april 2009 klokken 12:01

Ting blir så nært og trist på nynorsk og jeg liker det

Skriv kommentar

Tidligere innlegg:

Neste innlegg: